<$BlogRSDURL$>

Et arkiv, her finner du alt det gamle, gode. PARERGON finner du på http://parergon.blogspot.com Stefan

3.2.04

Kva Hagen seier 

SarpsborgAvisa nr. 4/2003
Ja, kva kan ein eigentleg seie til slikt? Carl I. Hagen vil altså no bli sitert på si eiga målform. Eller meiner han dialekt? Det er ikkje lett å få det heilt klart for seg, slik han blir sitert på dette utsagnet. For det er jo ein viss forskjell, kan ein seie. Målformer har vi jo som kjend berre to av, mens dialektar knapt lèt seg telje. Det er heller ikkje utarbeidt rettskrivingsnormer for dei norske dialektane. Men Carl I. Hagen er visstnok ikkje særleg oppteken av rettskriving. Han seier at journalistane berre kan skrive det ordrett ned når nokon seier noko. På bakgrunn av denne utsegna er det lett å tenkje seg at det er på dialekt han tenkjer seg at vi må bli siterte. For da er ein jo rett og slett nøydd til å nytte seg av eit ortofont prinsipp. Å lese norsk dagspresse ville etter kvart bli reine rebusløpet. Tenk deg eit intervju med Arne Brimi lydrett nedskrive. Dei som allereie meiner at vi slit nok med å ha to målformer, kan vel ikkje for alvor meine noko slikt? Truleg, og det har vel ikkje Hagen forsøk å skjule heller, så dreier dette seg om den gode, gamle striden mellom bokmål og nynorsk.

Rett nok meiner Hagen at også nynorskfolk skal bli sitert på si eiga målform, f. eks. i Aftenposten. Men betyr det at det berre er journalisthøgskolen som no skal ha obligatorisk sidemålsundervisning? For Frp meiner vanlegvis at det bør vere ei frivillig sak. Merkeleg nok meiner dei, og dei fleste sidemålsmotstandarar, at munnleg undervisning i sidemål er greitt. Her er det nokon som ikkje har følgt med i timen. Både nynorsk og bokmål er skriftmål. Det er faktisk ingen som snakkar verken det eine eller det andre. Rett nok finst det både bokmålsnære og nynorsknære dialektar, men utover det finst dei altså berre som skrift. Så kva rein munnleg undervisning i eit skriftspråk inneber veit eg ikkje. Det hørest ganske vride ut. Rett skal vere rett, Hagen poengterer at det ikkje berre er nynorsk som meinest med sidemål, det skal gå begge vegar. Eit hovudargument blant sidemålsmotstandarar er at det går utover norskkunnskapen. Tja, eg veit no ikkje. Det er nesten det same som å seie at brøkrekning går utover matematikkunnskapen.

Det er vel som Harald Eia seier i det i Dagsavisen: ”Til dem som ikke vil ha nynorsk har jeg bare én ting å si: dere er noen j... tapere. Det er bare fordi de synes det er vanskelig.” Det er faktisk ingen vitskaplege undersøkingar som viser at norske skoleelevar skriv dårlege enn før, hevdar professor Kjell Lars Berge i eit intervju med Dag og Tid. Vidare seier han at i den graden vi veit noko om det, så skriv elevane både meir og betre enn før. Problemet er ikkje at dei skriv dårleg, ifølgje Berge, snarare at dei skriv for litterært og for lite kvardagsleg. Truleg skriv elevane våre betre enn elevar i land det er naturleg å samanlikne oss med. Så det må vere noko anna da, som får Hagen og andre til å sjå raudt. Huff, ”å sjå raudt” var truleg eit dårleg vald uttrykk når det gjeld Carl Ivar, men de skjønner kva eg meiner?




Comments: Legg inn en kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?