<$BlogRSDURL$>

Et arkiv, her finner du alt det gamle, gode. PARERGON finner du på http://parergon.blogspot.com Stefan

11.4.05

"EG VIL SYNGJA UM TORNANE OG ROTI" 


OLAV H. HAUGE (1908 – 1994)


Lykelen til poesien si verd
”Eg hev ikkje møtt fleire enn tvo-tri stykke som i røyndi hev elska poesi. Eg segjer elska fordi ein mann som hev funne lykelen til poesien si verd, ikkje lenger er interessert, men hugteken, han elskar.”[1] Dette skreiv Olav H. Hauge i dagboka si som 21 åring. Eg trur mange ikkje bryr seg om å lese dikt, fordi det krev mye av lesaren. Det er ofte ikkje openbert og klart ved første gjennomlesing. Men det er heller ikkje ein kode vi skal løyse for å få tak i kva forfattaren eigentleg meinte. Forfattaren har nok sagt det på den einaste måten som var mogeleg for henne eller han. "Det ideelle mål ved litterær analyse er å bringe oss fram til en fullstendig aktualisering av tekstens potensielle mening…"[2] Og teksten si potensielle meining er ofte mye meir enn forfattaren sine intensjonar, teksten si meining blir også skapt i lesaren.
Tilbake til Olav H. Hauge. Så kvifor Hauge? Forlaget kallar han "vår fremste lyrikar i etterkrigstida" i vaskesetelen til Dikt i samling. "Olav H. Hauge kommer ingen utenom som vil vite noe om norsk lyrikk." i følgje Jan Erik Vold[3]. "…[B]lant de få norske etterkrigslyrikerne som har internasjonalt format."[4] slår Øystein Rottem fast. "Dei fleste vil i dag vere samde om at han står blant dei fremste av diktarane våre." skriv Nils Rune Langeland.[5]
At Hauge skreiv på nynorsk var med på å gjere han mindre kjend i starten, på grunn av den språkdelte kultursituasjonen her i landet. Ein tenkte seg vel også modernismen som eit storbyfenomen. Hauge har sjølv sagt at han heldt seg til rettskrivinga frå 1917 "um ikkje i eitt og alt."[6] Han har også uttalt: "[…] det nynorske språket har vist seg å vera eit ypparleg litteraturmål; ordmengdi er utruleg stor, serleg har det ei mengd ord for skifte og ovringar i naturi […]"[7]
Eg har ikkje tenkt til å dvele ved biografiske data og personen Olav H. Hauge, sjølv om det er ein sterk tradisjon i den retninga i Hauge-samanheng. "[…] store delar av haugeresepsjonen er […] prega av ei særleg tydeleg personinteresse."[8] skriv Jørgen Sejersted. Dette kan synast noko merkeleg halde opp mot at det er få biografiske referansar i dikta han skreiv.
Han debuterte i 1946 med Glør i oska, siste diktsamling; Janglestrå, inkorporert i Dikt i samling, kom i 1980. Sin seine debut til trass, dekkjer Hauge ein lang epoke i litteraturhistoria. Han skreiv alt frå 15 års alderen, noko som gjer epoken enda lenger. Men om vi no held oss til tidsspennet 1946 – 1980, ser vi at han var samtidig med forfattarar som hører historia til, f.eks. Aksel Sandemose, Tarjei Vesaas og Agnar Mykle. Men også forfattarar som Jan Erik Vold og Dag Solstad. Og alle som debuterte på 70-talet; Bjørn Aamodt, Eldrid Lunden, Sigmund Mjelve og Inger Elisabeth Hansen, for å nemne nokon. Hauge var altså med heile etterkrigsepoken.[9]
Dikt i samling innhald drygt 400 dikt frå 7 diktsamlingar. Hauge sin eigenproduksjon er altså samla i ei bok på rundt 300 sider. Dette ruvar kanskje ikkje så veldig. Alt han har skrive av dikt finnest i ei bok på storleik med ein gjennomsnittsroman. Men denne "romanen" er ufatteleg innhaldsrik, og har eit stort spenn. Tidsspennet har eg allereie vore inne på. Eit anna spenn sørgjer Hauge for gjennom den enorme lesinga si. For å sitere Rottem igjen, Olav H. Hauge hadde ein "[…] omfattende viten om lyrikk og lyrikkteori til alle tider og fra alle verdensdeler."[10] Noko vi finn igjen fleire gonger hos Hauge, er at han omtaler litterære personar og fortidas fortfattarar som om dei budde borte i lia.
Olav H. Hauge var og ein dyktig gjendiktar. Omsetjingane hans er samla i eit bind; Dikt i umsetjing inneheld 210 dikt av 27 lyrikarar. Gjendikting er ein måte å gjere verdslitteraturen nær og eigen på. Også i omsetjingane er spennvidda merkbar. "[…] vi har eit sprang i tid på eit par hundre år og også stor geografisk spreiing med dikt frå ulike språkområde[…]"[11] Han sat altså innarst i Hardanger-fjorden og var internasjonalt orientert. Ein sann verdsmann som ikkje drog utanlands før i 1973, og da til Danmark. Frå opninga av Profilintervjuet frå 1966:

"T: Du har vel reist en del og sett deg om i landet. H: Det er ikkje mykje det. I fjor reiste eg yver Jæren. I grunnen skulle eg ikkje gjort det. Eg las Garborg i ungdomsåri, og då så eg Jæren. No er det fullt av siloar."[12]

Eit tredje spenn er det mellom korte strofer og sonettar. Tidsspennet gjer seg gjeldene her også, sonetten er jo ei tradisjonell strofeform, og det korte kanskje meir moderne. At ein i dei korte strofene finn spor både frå Edda-kvad og haiku slår litt hol på det moderne.

Den gåta eit liv og eit hjarta er
No skal vi gå rett på sak og sjå på kva Hauge skreiv. I tillegg til å ikkje bry seg om å lese dikt, av forskjellige grunnar, er det mange som meiner at analyse kan komme i vegen for opplevinga, og ikkje minst – leselysten, særleg gjeld det lyrikken. At ein rett og slett kan øydeleggje eit dikt ved å plukke det frå kvarandre. Derfor tenkte eg å begynne med den reine opplevinga:

OFELIA
Du er ingi gåte, Ofelia,
berre den gåta eit liv og eit hjarta er.
Kor umogeleg og flokut livet kan verta!
Kvar skulde me gå
um me ikkje hadde sorgi og døden?
Dans, Ofelia, syng!
Strøy rosor ikring deg,
røm inn i eit myrkare rom,
det er ljuvare der, dagen der
er ikkje so hard.
Når kvida si eldpil sting deg,
so syng, Ofelia, dans!
Vollgravi er strøydd med rosor.
(Side 196)[13]

Min påstand no, er at dei som ikkje kjende dikta frå før, sit igjen med veldig lite. Så derfor vil eg at vi ser litt nærmare på det. Det er jo den analysen er – ein nærmare titt. Nokon fullstendig analyse skal eg sjølvsagt ikkje gi meg ut på. Eg begynner på toppen. Diktet sin tittel vil ofte gi oss ein peikepinn. Ofelia, kven er det? Det er den jenta Hamlet er forelska i, i alle fall før stykket begynner. I Øyvind Bergs etterord til eiga omsetjing av Hamlet, står det at stykket inneheld "diverse mennesker som møtes og elsker og hater og dreper og sier forskjellige ting (sitert etter ung, kvinnelig student)". Og Berg legg til "Dét kan jo være et svar på hvorfor stykket fremdeles angår oss?"
Diktet er altså eit tilsvar til anna dikting, som jo det meste av moderne dikting er. Ofelia har i folk sitt medvett, og litteraturhistoria, blitt sjølve symbolet på det gåtefulle og kvinnelege. Det første diktaren seier til Ofelia, og dermed også oss, er at ho ikkje er ei gåte. (I parentes bemerket kan vi notere oss at han er dus med Shakespeares figurar). Ho er berre gåte som menneske, ikkje som kvinne. Hauge postulerar at det irrasjonelle ustyrlege, ukontrollerbare, som oftast blir karakterisert som feminine trekk, er felles for mann og kvinne. Livet kan vere vanskeleg for nokon og kvar. At vi har livet og døden felles er noko vi alle kan etterprøve. Her står det me altså eit vi, du og eg. Ofelia er som oss alle.
Men kva kan vi gjere? Danse og syngje, skriv Hauge. Danse oss ut av krisane? No er det vel ikkje akkurat danseterapi han føreskriv. Men vanskeleg lagnad kan utforskast i kunsten og gjerast om til kunst. Dette skal eg komme tilbake til. Det mørke rommet som tilbyr lindring, kan vere kunsten. Men det er jo ingen løyndom for oss at Ofelia rømde inn i galskapen. Diktet gir oss lite håp om det gir oss galskapen som løysing. Så vi trur på kunsten, men lèt galskapen murre i bakgrunnen.
Til slutt blir mogligheitene til kunsten gjenteken. Siste vers gir rom for i alle fall to syn. Det vondet i livet kan sjå fint ut ved første augekast, eller det er oppgåva vår å pynte på det vonde. Sjølvsagt kan også begge tankane haldast i hovudet samtidig. Som ei avrunding vil eg sitere Sigrid Bø Grønstøl: "Det reviderte kvinnebiletet som dette diktet innheld, gir også plass for den kvinnelege diktaren"[14]. Og vel da også den kvinnelege lesaren?
Det kan kanskje verke som ein noko dryg påstand at Hauge presenterer eit revidert kvinnebilete. Derfor vil eg prøve å klargjere denne påstanden noko nærmare. Da held det ikkje å berre sjå på Ofelia-diktet, vi må ta ein titt på eit anna av Hauges kvinnebilete. Dei fleste har vel lese eit dikt der den mannlege forfattaren samlingar sitt forelskingsobjekt med ei rose. Hauge har dikta eit svar til rosedikta.


KLUNGER
Rosone har dei sunge um.
Eg vil syngja um tornane
og roti, - ho klengjer seg
hardt um berget, hard som
ei mager gjentehand.
(Side 228)

Som i diktet om Ofelia, påstår Hauge her at livskampen er felles for kvinne og mann. Uansett dei mannlege poetane sine ønskedraumar og objektivvisering av kvinner, vilkåra for eit kvinneliv er sjelden rosenraudt. Ifølgje Sigrid Bø Grønstøl finst det ikkje noko i Hauges dikting som kan stengje den kvinnelege lesaren ute.

"Når kvinne og mann er av same slag, er det ikkje lenger mogeleg å projisera den kjødelege dimensjonen inn i kvinna og reservera den åndelege dimensjonen for mannen."[15] […] "Her er eit stort og varmt velkommen inn i ei dikting som dreier seg om mennesket, mann og kvinne, kvar for seg i livskampen, midt i sine truga og utrygge livsvilkår. Begge har dei ordet, språket, diktet å hjelpa seg med. […] Ordet er ein magi over avgrunnar."[16]


Poesiens lykkelige risiko
Er ord ein magi over avgrunnen mellom mann og kvinne, kan eg ikkje forstå anna enn at dikt kan vere ein nyttig reiskap i kvardagen. Kan poesien hjelpe ein mann til å få større innsikt i kvinneliv, og omvendt, er det vel ikkje ein for dryg påstand at poesien kan auke forståinga for medmenneske generelt. "Det er dette som er spesielt ved forfatterne, at de sitter for seg selv og grubler, og behandler temaer som er viktige for mange."[17] Å lese er det nærmaste ein kjem det å tenkje eit anna menneske sine tankar. Les ein dertil poesi, som jo handlar om å meistre språket og på mange måtar om å få sagt det useielege, kan tanken til og med kjennast ny.
Ein annan grunn til å lese lyrikk er nyfikne. "[…] ingen kan vide sig sikker på, hvor vi ender. Det er poesiens lykkelige risiko."[18] Og som L97 pålegg framtidige og notidige lærarar "[Å] nøre hugen til å ferdes utenfor oppstukne veier og i ukjent terreng, til å bruke kropp og sanser for å oppdage nye steder og til å utforske omverden."[19] I L97 handlar desse orda om naturglede, men eg synest det er ei veldig god framstilling av "poesiens lykkelige risiko".
Den som vil lese poesi med utbyte må vere nysgjerrig, tolmodig og ikkje redd for det uforståelege. Sjølv om poesien handlar om språkleg presisjon, har den ofte behov for å vere dunkel. Poeten maskerer seg like ofte, kanskje oftare, som han avslører seg. Eller som Göran Sonnevi seier det:

jag, den sönderhackade
talar Talar
också sönderhackat
så att du
bara delvis ska förstå mig[20]

Ein som har skrive om kva det vil seie å vere ein lesar, er Göran Tunström i Juloriatoret. Og best seier han det kanskje om å lese noko ubegripeleg:

Där finns mycket han inte förstår och det gläder honom allra mest, därför att det då finns en värld framför honom som han måste nå. Det obegripliga är det bästa, eller som han en dag skulle skriva: "Jag vet inte, därför måste jag vidare."[21]

Lyrikklesaren er ein oppdagingsreisande i språket. Men kva skal vi med dette språket vi oppdagar?

"Lyrikken kan hjelpe meg å få eit eige språk. Poesi handlar om ein språkleg konsentrasjon. Dikt er språkkunnskap omsett i skrift. Ord er ikkje poetiske i seg sjølv, det handlar om ein poetisk bruk av språket. Såleis krev det eit språkleg medvit ikkje berre hos lyrikaren, men òg i høg grad hos lesaren. "Språkutvikling er nær knytt til forming av personlegdommen." (L97) Eksistens kan verte stadfesta gjennom skrift. Og meir enn stadfest, ein kan byggje ut eigen biografi med andres tekstar."[22]

LAUVHYTTOR OG SNØHUS
Det er ikkje mykje med
desse versi, berre
nokre ord, røysa saman
på slump.
Eg synest
likevel
det er gildt
å laga dei, då
har eg som eit hus
ei liti stund.
Eg kjem i hug lauvhyttone
me bygde
då me var små:
krupja inn i dei, sitja
og lyda etter regnet,
vita seg einsam i villmarki,
kjenna dropane på nasen
og i håret –
Eller snøhusi i joli,
krupja inn og
stengja etter seg med ein sekk,
kveikja ljos, vera der
i kalde kveldar.
(Side 252)

Er det ikkje nett det mørke rommet Ofelia blir oppfordra til å rømme inn i, som Hauge beskriv her? Det er kanskje ikkje så mye i den store samanhengen, men det er ein stad å vere. Men skulle kunsten berre vere trøst, ville den ikkje vere varig – den må tilby noko meir. Det må vere rom for endring. Det einaste varige er forandringa. Interessant i samanhengen vår er definisjonen av læring som ei endring i måten å tenkje om røynda og seg sjølv på.
Til dagleg bruker vi eit reifiserande språk. Dvs. lineært, målretta og konkluderande. Vi bruker språket til å argumentere og for å skape forståing. Det er på mange måtar tingleggjort og ikkje interessert i dialogen sin prosess. Tingleggjort og reifiserande blir språket fordi det er distansert frå opplevinga. Å beskrive ei kjensle med ord, er ikkje det same som å føle den kjensla. I poetiske framstellingar blir kvardagspråket brukt, men det blir strekt slik at den tingleggjorte aspekten blir svekt.[23]
Altså; poeten prøver å oppnå noko anna enn å argumentere og konkludere. Som Michael Strunge har forsøk å forklare det poetiske prosjektet sitt: "En videreformidling af oplevelse, følelse, sansning, uden mellemled; hvor ordene direkte rører ved digterens oplevelse og læserens sanseapparat."[24] Og her kan kanskje kunsten tilby moglegheit for endring. Anne-Lise Løvlie Schibbye seier i alle fall dette i ein artikkel om å bruke språket for å skape endringsaugeblink i psykoterapi: "Det er opplevelsesmulighetene som har endringspotensial. […] når språket taper sin reifiserende kraft, er all opplevelse potensielt mulig."[25]
Den nysgjerrige lyrikklesaren kan ikkje anna enn fryde seg over at all oppleving er potensielt mogeleg. "[…] ingen kan vide sig sikker på, hvor vi ender. Det er poesiens lykkelige risiko."[26] Men eit slikt språk som har tapt si reifiserande kraft, er sjølvsagt krevjande å lese. Poeten sin risiko, ein kalkulert risiko – vil eg tru, er at han ikkje kan nå alle og at det er mange moglegheiter for feillesing. Som Erling Kittelsen sa det: "Dikt faller alltid på feil steder".[27] Vil ein utvitydig nå alle, kan ein skrive ting som; far les avisa, mor strikkar eller leve revolusjonen. Men poeten sitt prosjekt er eit anna enn agitatoren sin.

EIT ORD
Eit ord
- ein stein
i ei kald elv.
Ein stein til –
Eg lyt ha fleire steinar
skal eg koma yver.
(Side 200)

"Slik kan ein stor diktar tale til oss, i eigne og andre sine strofer, over landegrenser, over språkgrenser, generasjonsgrenser, og vi kan plutseleg opne augo og sjå og innsjå – eitkvart."[28]

Sorg er krafts uppkome
Nå er tida er inne for å lese ein del Hauge-dikt. Den indre samanhengen mellom desse dikta er på mange måtar like mye min som Hauges. Dei blir ikkje presenterte kronologisk, og eg freistar heller ikkje å fullstendig aktualisere teksten si potensielle meining. Eg har bevisst tolka snevert og forsøk underbyggje påstanden min om at vanskeleg lagnad kan utforskast og beherskast gjennom kunsten.
Det er ei kjensgjerning, og ein floskel, at det er lettare å skrive og meir å skrive om i motgong enn i medgang. Ein treng ikkje ha møtt all verda sin motgong, langt mindre ha forsøk lage litteratur av det, for at følgjande dikt skal hørast sant ut:

UPP GJENOM ELVEDALEN
Lett stig eg på steinane,
frisk elvgufs imot meg,
og eg syng.
Sorg er krafts uppkome,
jøklane græt i soli,
kvi gjeng eg lettare mot enn med?
(Side 287)

Diktet fortel om styrke, og om ein som utadvent og aktivt kjemper mot sorga. Det krevjar kraft å sprette oppover på steinane i elva. Og her er det ei kraft som kjem frå sorga. Denne aktive handlinga fører igjen til at det blir kunst; han syng. Men den indre kjensla som sorga er, kan også i stor grad setje preget sitt på omgivnaden.

Og snjoen kom og kledde skogane i kvitt.
Eg tykte det var sorgi, for eg ser berre mitt.
(Fra OG SNJOEN KOM, side 122)

Sorga kan og føre til isolasjon. At ein gøymer og skjuler seg. Det er noko dobbelt over dei romma dikta fortel om. I OFELIA er rommet mørkt og ljuvt, i LAUVHYTTOR OG SNØHUS er rommet triveleg og minner om barndommen. Men ein kan like gjerne forsvinne inn i noko utriveleg. Sorga kan drive ein til rein flykt. Eller som Hauge sjølv sa det:

"Sorgi er den sterkaste av alle borger. Henne kan ingen skaka, ingen brotja ned; der er du trygg. Alt er uvisst – glede, byrgskap, stormod, alt skifter med vêr og vind, sorgi er urikkande."[29]

OG EG VAR SORG
Og eg var sorg og heldt til i ei hole.
Og eg var ovmod og bygde attum stjernone.
No byggjer eg i næraste treet,
og um morgonen når eg vaknar,
trær fura gull på nåli.
(Side 207)

Her er sorga fortid, men korleis kjem ein dit? Kva gjer livet verd å leve og kva har ein å leve for? Vi treng noko som gjer at vi kan lyfte blikket og sjå framover. Vi treng ein draum.

DET ER DEN DRAUMEN
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
(Side 234)

Og kva er det så draumen kan gi oss? Om vi no set eit likskapsteikn mellom draum og dikt, det er i alle fall fullt mogeleg å sjå på poeten si fantasiverd som utgangspunkt for diktinga - så er diktinga eit middel til å sprengje kvardagens snevre grenser. Men kvardagen er og ein stad å vere. Og om ein var aldri så mye "venglande fjør […] i den sterke vinden" så kjem dei stundene kor vinden løyar.

KVARDAG
Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,
kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leva
i kvardagen òg,
den grå stille dagen,
setja potetor, raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fiketrei,
og let heltane slåst ved Troja.
(Side 190)

Og den pilen, den vinglande fjøra, som blir teken av vinden, som ikkje hamnar der ein tenkte seg?

MANGE ÅRS RØYNSLE MED
PIL OG BOGE
Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå og dirra!
Men nett der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka upp pilene,
gå tilbake, prøva på nytt.
Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili
som stend der og dirrar:
Her er òg eit midtpunkt.
(Side 285)



Det vesle har hjarta alltid visst
"Knapt nokon norsk forfattar (og vel ingen norsk lyrikar) i det 20. hundreåret har i si levetid vore så tiljubla og så omtala[…]"[30] Mye er skrive om Hauge av mange. Det er skrive over ti universitetsavhandlingar om forfattarskapet hans. "Begeistringa er så godt som samstemt frå kollegaer og kritikarar."[31] Kva Hauge sjølv syntest om denne beundringa kan eg berre gjette om, men "[d]ette diktet har vorte lese som Olav H. Hauge si åtvaring til lesarane og kritikarane sine."[32]

FUGLEBERGET
Du likar kanskje å vere fugleberg.
Det er gildt med einkvan fuglen, veit du.
Men å verta eit slikt flaksande, skrikande berg?
Det må vera fåfengd og narreskap som har gjort
at alle desse fuglane samlast
og skit deg til.
(Side 220)

Det finst altså ei lang, lang rekkje av sekundærlitteratur rundt Hauge sin forfattarskap. Og den er positiv og hyllande. Som Terje Tønnesen skriv i forordet til boka Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap: "Denne boka viser tilnærminger der Olav H. Hauges storhet som dikter tas for gitt. Hans posisjon som nestor i norsk lyrikk har gitt grunn til udiskutabel beundring."[33] Mye av det som er skrive om Hauge byggjer opp under Olav H. Hauge som totalkonsept. "Det er få andre nynorske forfattarar frå dette hundreåret vi veit så mykje om som Hauge."[34] Dei fleste møta med Hauge, intervjuar i radio, tv og tidsskrift, biografisk baserte artiklar, er møte heime hos Hauge. Alt skal med, lusekofta, epletrea, cideren, dikta, stemma, hagen osv.
Som Claes Hylinger skriv om møtet sitt med Olav H. Hauge i 1973:

Han mötte mig vid bussen; han var klädd i svart basker och vit lusekofta. Själv hadde jag sandaler och blev våt om fötterna i duggregnet under promenaden upp till hans hus, som låg på fjällsluttningen med utsikt över fjorden. Här bodde han ensam och odlade sin frukt. När jag bytt om till ett par torra sockar, sa han: "Har du lyst på eit glas sider?"[35]

Slik har det blitt skapt eit bilete av Hauge som den tilbaketrukne, naturlege visemannen. Sjølve diktarpersonlegdommen. Ei persondyrking som trassar det meste av nyare litteraturteori. Men kritikken mot dette fokuset på personen Hauge har begynt å dykke opp dei siste åra. Vi som aldri får møte han får gå til dikta. Det er der fokuset bør liggje. Og dikta har vi, - og dei kjem stadig ut i nye opplag.

NÅR DET KJEM TIL STYKKET
År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.
(Side 298)



[1] Hauge, Olav H. 2000. Dagbok 1924 – 1994. Band I – V. Det Norske Samlaget, band I, s. 85

[2] Kittang, Atle og Aarseth, Asbjørn 1998. Lyriske strukturer. Innføring i diktanalyse. 4. utgave – revidert og utvidet. Universitets Forlaget, s. 13

[3] Dagbladet 1. juli 1983

[4] Rottem, Øystein 1995. Olav H. Hauge – Utsyn fra eplehagen. I: Norges Litteraturhistorie, bind 6. s. 363

[5] Syn og segn nr. 4/2000, s. 3

[6] Bjørkum, Andreas 1998. Målmeistaren frå Ulvik. Ord og former hjå Olav H. Hauge. Det Norske Samlaget, s. 93

[7] Bjørkum, Andreas 1998. Målmeistaren frå Ulvik. Ord og former hjå Olav H. Hauge. Det Norske Samlaget, s. 94

[8] Sejersted, Jørgen Magnus 2000. Litteraturkritikk som hyrdedikting. Resepsjonen av Olav H. Hauge. Syn og segn nr. 4/2000, s. 31

[9] Stegane, Idar 1988. Inngangar til Olav H. Hauges lyrikk.. Syn og Segn nr. 3/1988, s. 246

[10] Rottem, Øystein 1995. Olav H. Hauge – Utsyn fra eplehagen. I: Norges Litteraturhistorie, bind 6. s. 363

[11] Skei, Hans H. 1994. "Det vesle som hjarta alltid har visst." Nokre tankar om Olav H. Hauge som omsetjar. I: Tønnesen, Terje [red.] 1994. Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap. LNU/Cappelen fakta, s. 149

[12] Tufteland, Johan 1966. Eit møte med Olav H. Hauge. Profil nr. 4/1966, s. 7

[13] Hauge, Olav H. 1994. Dikt i samling. Det Norske Samlaget. Alle sidehenvisningar er til denne utgåva.

[14] Grønstøl, Sigrid Bø 1988. Kjærleikspoeten Olav H. Hauge. Syn og segn nr. 3/1988, s. 258

[15] Grønstøl, Sigrid Bø 1988. Kjærleikspoeten Olav H. Hauge. Syn og segn nr. 3/1988, s. 258

[16] Grønstøl, Sigrid Bø 1988. Kjærleikspoeten Olav H. Hauge. Syn og segn nr. 3/1988, s. 260

[17] Brekke, Toril 2001. Pauseklovn eller døråpner? Norsklæraren nr. 4/2001, s. 43

[18] Mai, Anne-Marie 1991. At læse digte. Borgens Forlag, s. 78

[19] Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97) 1996. Det kongelige kirke-, utdannings- og forskningsdepartement

[20] Sonnevi, Göran 1979. Språk; Verktyg; Eld. Bonniers, s. 15

[21] Tunström, Göran 1983. Juloriatoret. Albert Bonniers Förlag, s. 43

[22] Sture, Stefan Andreas 2001. Oppbrot og heimkomst. Norsklæraren nr. 4/2001, s. 39

[23] Schibbye, Anne-Lise Løvlie 2001. Språk og endring. Om å bruke språket for å skape endringsøyeblikk i psykoterapi. Tidsskrift for Norsk Psykologiforening nr. 38/2001, s. 629ff

[24] Mai Strunge 1985, Samtaler m.m. mellem Anne-Marie Mai og Michael Strunge. Borgens Forlag, s. 107

[25] Schibbye, Anne-Lise Løvlie 2001. Språk og endring. Om å bruke språket for å skape endringsøyeblikk i psykoterapi. Tidsskrift for Norsk Psykologiforening nr. 38/2001, s. 634

[26] Mai, Anne-Marie 1991. At læse digte. Borgens Forlag, s. 78

[27] Under opninga av litteraturveka ved Høgskolen i Østfold, avd. lu. 2000.

[28] Skei, Hans H. 1994. "Det vesle som hjarta alltid har visst." Nokre tankar om Olav H. Hauge som omsetjar. I: Tønnesen, Terje [red.] 1994. Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap. LNU/Cappelen fakta, s. 158


[29] Hauge, Olav H. 2001. Skogen stend, men han skiftar sine tre. Aforismar i utval. Det Norske Samlaget, s. 27

[30] Vassenden, Eirik 2000. Utlevering og atterhald. Olav H. Hauges Dagbok 1924-1994. Syn og segn nr. 4/2000, s. 9

[31] Sejersted, Jørgen Magnus 2000. Litteraturkritikk som hyrdedikting. Resepsjonen av Olav H. Hauge. Syn og segn nr. 4/2000, s. 31

[32] Ljones, Torbjørn 1983, Mottakinga av Olav H. Hauge si dikting. Hovudoppgåve, Universitetet i Bergen, s. 1

[33] Tønnesen, Terje [red.] 1994. Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap. LNU/Cappelen fakta, s. 7

[34] Vassenden, Eirik 2000. Utlevering og atterhald. Olav H. Hauges Dagbok 1924-1994. Syn og segn nr. 4/2000, s. 8

[35] Hylinger, Claes 1996. Hemma hos Hauge. I: "Något vidunderligt ska ske". Läsbilaga. Ordfront magasin nr. 1/1996, s. 8
Comments:
For en kjempeside!
Og takk for det.
 
Legg inn en kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?